TRANS-SOVJET EKSPRESS

Kjartan Fløgstad har oppsøkt restene av Sovjetunionen slik de ser ut i dag - arkitektur, byplaner og monumenter. Fra reisen har vi fått en av Fløgstads mest personlige bøker, og kanskje hans mest ambisiøse sakprosaverk - Trans-sovjet ekspress. I dette utdraget fra boka blir vi med Fløgstad til Norilsk, den sibirske gruvebyen der titusenvis av slavearbeidere døde av kulde, slit og underernæring.

Etter fire timars flytur og fire timars tidsforskjell landa vi i stummande polarmørker klokka fem om morgonen. Utanfor terminalbygget viste gradestokken minus 42, den lette brisen i lufta kjendest som snøstorm mot andletet. Flyplassterminalen i Alykel
skal vera teikna av den forviste armenske meisterarkitekten Gevorg Kotsjar. Denne grytidlege desembermorgonen var det for kaldt og mørkt til å opna augo og gleda seg over arkitekturen. Ein normal vintermorgon i denne delen av Sibir. Norilsk ligg ikkje lenger nord enn Kirkenes og Tromsø, det berre virkar slik, som om byen klimamessig ligg langt nord for Nordpolen ein stad.

 Foto: Slava Stepanov

Foto: Slava Stepanov

Dette er trakter der det har vore polarfararar med is i barten før oss. Her har Nansen og Amundsen sett isblinket ute over Karahavet, medan eventyrarar av mange dimensjonar og kategoriar har sett lyse utsikter og fortenestemuligheter inne på land. Då den norske forretningsmannen Jonas Lied kom til elvehamna Dudinka ved Jenisej, var staden befolka av nokre få hundre politiske landsforviste.

Disse desperados var politiske forbrytere fra perioden 1905–07… Voldshandlinger og fluktforsøk var sjeldne. De fleste deporterte var teoretikere og intellektuelle og bare i sjeldne tilfeller hva man kaller «handlingens menn»

Men det fanst unntak. Den revolusjonære organisatoren Josef Stalin var ein handlingas mann. Han blei arrestert for siste gong av tsarens politi i 1913 og send til landsbyen Kureika, lenger nord ved Jenisej. Fire år seinare og tre veker etter at han høyrde om revolusjonen, kom Stalin til Petersburg. Lied held fram:

Fra det fjerne Kureika må reinpulk eller hundeslede ha ført ham over Jeniseis is og vidder i døgn etter døgn tusenvis av kilometer. Vinteren 1913 transporterte vitenskapsmennene en mammut av sted fra Goltsjikha. I 1917 trakk sibiriske sledehunder Josef Stalin den annen vei.

Få år seinare skulle Stalin og bolsjevikane sørga for at ikkje berre eit par hundre landsforviste skulle komma til området rundt Dudinka. Malmleiting viste at geologien inneheldt store mengder nikkel, som skulle vinnast ut. Det første huset blei sett opp i gruveområdet i 1921, og i 1935 blei Norilsk grunnlagd som ein rein Gulag-by ved kanten av eit sirkelrundt dagbrot, så stort at det heilt sikkert er synleg frå månen. Titusenvis av slavearbeidarane døydde av kulde, slit og underernæring i gruvene før det lokale Gulag-systemet blei avvikla i 1956.

I dag er byen hovudsete for storkonsernet Norilsk Nickel med gruver og smelteverk. Kombinatet er uttrykket innbyggarane framleis brukar om hjørnesteinsbedrifta. For utlendingar er Norilsk ein lukka by, ein treng spesialløyve for å komma dit. Via Barentssekretariatet i Kirkenes hadde eg mitt frå Mikhail Prokhorov Foundation, som i 2008 var pytt og panne i Kombinatet. Sidan byen ligg nokre mil unna Jenisej, er det bygd jernbane og bilveg ned til eksporthamna Dudinka. Her er Jenisej så brei at du knapt ser over til den andre sida. Slavearbeidarane som skulle bryta nikkelmalm og smelta malmen om til metall, kom til Norilsk denne vegen, over land opp frå Dudinka. Det same gjorde fangevaktarane deira. Under Stalin blei det gjort eit storstilt, men mislykka forsøk på å føra jernbanen heilt opp til Norilsk. Heller ikkje bilvegar knyter byen til resten av Russland. Den dag i dag er elvebåt ned frå Krasnojarsk den vanlegaste transportruta i sommarsesongen. Nattflyet frå Moskva tar fire–fem timar. Streng kulde og lett vind under heile opphaldet. Gatenettet er kvadratisk, og hovudgatene Leninskij, Komsomolskaja, Kirova og Mira er lagde slik i retning aust–vest at hovudbygningane i dei tette kvartala skal gi ly mot vinden. Nyklassisistisk og god arkitektur, det
må seiast.

Planlagd og teikna av forviste stjernearkitektar er Norilsk vakrare enn nokon gruveby eg elles har sett.

Bustadblokkene og telebygget til den alt nemnde armenaren Gevorg Kotsjar, dramateateret teikna av N.I. Mekanikov, også det frå 1950-talet. Vakre bygg, men det hjelpte ikkje, kvartala som vindskjermar var ikkje nok. Og eg som likar å gjera meg kjend ved å gå gatelangs til fots
gjennom ein ny by. I Norilsk blei det svært korte opphald utandørs, innhylla i skjerf og skinnluer, i strekkmarsj frå Polar Star Hotel på det som framleis heitte Leninskij prospekt og til Det historiske museet lenger nede i same gata. I den smale glipa mellom kanten av skinnlua, ullskjerfet og jakkekragen fekk eg likevel eit glimt av byplanen, og arkitekturen. Det var ikkje det eg hadde venta. Sentrum i den gamle fangeleiren minte meg om ein miniversjon av Leningrad. Nevskij prospekt. Breie gater, pastellfargar, luftebalkongar, nyklassisisme på sytti grader nord. Det lyt seiast høgt og tydeleg:

Ein by som Norilsk er cirka ti gonger så vakker og velregulert som til dømes Bjørnevatn i Finnmark eller Nuuk på Grønland.

Utanfor stod bussen klar for guida tur gjennom den gamle Gulagbyen. Så intens var kulden og vinden at passasjerane så vidt kom seg ut av bussen ved minnesmerket Golgata, bygd i form av ein toetasjes tømmerportal, med klokketårn på toppen, som døra inn til ei ortodoks kyrkje. Kledd i gode moderne vinterklede stod eg og prøvde å forlenga augneblinken gjennom isnande kulde, mørke og svolt framover i ti år. Det er ei umulig mental øving. For å halda varmen måtte vi røra på oss heile tida. Innanfor portalen, over ei massegrav ved foten av Sjmidt-fjellet, står det minnesmerke over baltiske, polske, jødiske og andre slavearbeidarar som bukka under her, eller på koparverket på den andre sida av byen. Av kulde, underernæring, brutale og livsfarlege arbeidsforhold. Dudinka, nede ved breidda av Jenisej, var staden der straffangane kom i land, etter ferda med elvebåt ned elva frå Krasnojarsk. Kaiane i Dudinka likna på trappa frå panserkryssaren Potemkin i Odessa, men var laga av treplankar, opp mot sentrum. Det etnografiske museet i Dudinka opna samlingane med gjenstandar og bilete som viser det tradisjonelle livet til taimyr-folket. Og tilløp til turisme. Av Chief
shaman of Taimyr får eg brev på at eg er innvigd etter alle kunstens reglar og har blitt REAL TAIMYR PERS ON. Fingeravtrykk og dato 07.12.08. Ved lunsjen på Hotel Polarstjerna kjem Tolstojevskij og eg i snakk med ein gråhåra eldre herre. Eg oppfattar namnet då han helsar. Netto, tenker eg. Netto?

Alle hugsar sjølvsagt Igor Netto frå det gode Spartak Moskva-laget på femtitalet. Kan det vera han? Det kan det vel ikkje vera? Lev heiter han. Lev Netto. Han har vore her før, fortel han, som straffange.

Og endå sterkare: Han var ein av ledarane under fangeopprøret i Norilsk i 1953. Nå ledar han samarbeidskomiteen «Norilsk-opposisjonen» i Moskva. Neste dag skal han halda foredraget «Hendingane i Norilsk i 1953: ein deltakar fortel». Det blir ei sterk forteljing. Han er ein av dei som har gått opp trappene i Dudinka på veg til fangeleiren i Norilsk. Han var med på oppstanden i Norilsk i 1953, er her som tidsvitne for å fortelja si historie. Og han presenterer seg som Netto, det er etternamnet. I alle år har eg hatt ei utposing av hjernen som er full av namn på fotballspelarar frå eit særleg tidsrom. Kven kan vera meir fanatisk interessert i fotball enn ein gutunge på 12 år? Spør du meg om kven som var høgre half på Freidig Trondheims gode hovudserielag tidleg på 1950-talet? Svaret er sjølvsagt Thor Moxness, bokhandlaren. Og så vidare. Ved lunsjbordet i Norilsk tenker eg straks at alle danna menneske hugsar då Igor Netto, stjernespelaren på Spartak Moskva. Og eg spør: Er det han? Er det du? Og ja, men nei. Netto på andre sida av bordet er bror til stjernespelaren
på Spartak. Arrestert som folkefiende, send til Sibir, nå var han tilbake som tidsvitne. 

Utdrag fra kapittel 35 "Traumpunkt Tundra" i Kjartan Fløgstads "Trans-sovjet Ekspress".