Vi feirar nynorskdagen!

Noregs Mållag og Norsk Målungdom har valt 12. mai som nasjonal markeringsdag for nynorsk. Dagen blir kalla nynorskdagen, og hovudbodskapen er «skriv nynorsk på nynorskdagen»! I det høvet ønskjer vi å anbefale ulike bøker som er skrivne på nynorsk.

Perfekt av Ingunn Røyset

Om angst, ungdomsskolen og kor skjønt livet kan vere.

Pia (13) har ein løyndom – frykta som kjem snikande i mørket og truar med å ta overhand når ho minst ventar det. No kjem frykta ubeden sjølv når ho sit i klasserommet. Angst står det på internett at det heiter. «Topp 5 metodar for å kurere angst», les ho, men kven kan Pia dele med når ikkje noko hjelper?

Kritikarroste Ingunn Røyset, kjent for barnebøker som Dei eit ikkje sjokoladepålegg i krigen, er tilbake med ein ny, høgaktuell barneroman. Denne gongen handlar det om angst og einsemd. Ut frå eigne erfaringar veit forfattaren at det ikkje berre er vaksne og ungdom som slit med psykiske problem i det stille, men også barn. I samtale med legar og psykologar forstod ho at tala har stige under pandemien, men det finst få bøker om temaet for denne aldersgruppa.

Røyset har alltid vore oppteken av mental helse hos barn og ungdom og peiker på kor viktig det er å kjenne seg igjen i litteraturen, på godt og vondt. Derfor ville ho skrive ei historie som Perfekt, full av lys og mørke, som er sår og morosam på same tid.

– Dette er ei bok om kor farleg livet er. Og kor redd ein kan bli. Men det er også ei bok om kor utruleg spennande det er å vere her i verda. Ting kan skje som ein ikkje i sin villaste fantasi trudde var mogleg, fortel forfattaren.

Djuphavsslettene av Hilde Kvalvaag

Ei usedvanleg sterk, sjølvopplevd historie om sorg etter å ha mista eit barn i sjølvmord.

«I morgon kunne ha vore ein fin dag.» Slik tenker den fortvila mora etter at tenåringssonen hennar har teke sitt eige liv. Djuphavsslettene er ein meisterleg roman frå ei av dei fremste samtidsforfattarane våre.

Livet for familien i romanen er blitt eit uroleg hav med ufattelege djup og mørke, som truar med å trekke mora under.

Men minsteguten hennar er berre fire år. Med han på ryggen, hand i hand eller tett inntil brystet, på reise med familien i Noreg og utlandet, må ho finne ut korleis ho skal halde seg flytande. Han treng ho. For han og dei andre barna må ho redde seg sjølv.

Djuphavsslettene er skriven i djup fortvilelse, ho er skriven for å overleve. Eg ville prøve å forstå sinnet til barnet mitt, kvifor gjorde han dette fatale valet, når i morgon kunne vore ein fin dag, fortel forfattaren.

Naturleg av Margit Dale og Frode Verpe

Ny, inspirerande kokebok basert på kortreiste råvarer og stolte tradisjonar.

I Naturleg tek tradisjonsmatformidlaren frå Setesdal oss med på ei reise inn i råvarenes verd. Ho søkjer kunnskap i det gamle matstellet, gjer det praktisk relevant for tida vi lever i, og set ein ny og berekraftig kurs for maten vi et kvar dag.

Vi følgjer Margit frå vår til haust. Med innleving og varme formidlar ho kunnskap og praktiske råd som gjer det spennande og gøy å dyrke eigne råvarer, hauste frå naturen rundt oss og å lage god mat frå botnen av.

Naturleg er ei kokebok som sprudlar av engasjement og livsglede, og ikkje minst takknemlegheit for dei goda naturen gjev oss. Ho vil inspirere lesarane til å nyttiggjere seg dei nære matressursane og la sesongane styre kosthaldet. Temaet er like relevant om du bur på ein gard i Setesdal eller i ei leilegheit på Grünerløkka. Oppskriftene er både tradisjonelle og moderne, men alltid enkle og alltid med norske råvarer og smakar.

Og prosjekta skal bleikne av Per Helge Genberg

Ei ny samling kortprosatekstar om jobbdelen av tilværet.

Og prosjekta skal bleikne er tredje bind i Per Helge Genbergs lysande livsforteljing frå Levanger. Her byr forfattaren på både samfunnskritikk og satire – og fjøslukt. For ingen skriv om sauar som han!

Med over 30 års erfaring som byråkrat skriv han om kommunebyråkratiet og avslører i korte, skarpe bilete ineffektiviteten i offentleg forvalting.

For å finne dei djupe verdiane må han ut av kontoret og inn i dei tre kjærleikane: til Gud, til mannen sin og til sauane.

«Kan hende tykkjer eg meir om dyr enn folk? ‘Eg er så glad i menneske’, hevdar mange, men eg har ikkje skjønt innhaldet i den utsegna, for kva skal eg seie til dei, og ikkje kan eg gje meg til å klappe dei heller.»

Dei to første bøkene i denne sterke og såre serien om utanforskapet i eigen oppvekst heiter Å bere nakne nøklar og Finna kyrkjedøra i meg.

Havlandet av Per Anders Todal

Naturvitskap, historie, mytologi og ramsalte reportasjar blir vovne saman til ei stor og rik forteljing om Noreg og havet.

Det meste av landet vårt er hav. Dei norske havområda er seks gonger så store som landarealet, og sjøen har gjeve livsgrunnlag for menneska her nord sidan steinalderen. Likevel er det meste av hava våre ukjent for dei aller fleste.

Denne boka skildrar dei mangfaldige landskapa under vassflata. Kvar del av havet har si eiga historie, og kvart havområde har vore med på å forme vilkåra for menneskelivet i Noreg.

Forfattaren tek lesaren med på lange reiser: frå trålarane i det vintermørke og stormfulle Barentshavet til brislingjakt med not i Sognefjorden, frå det overdådige skreifisket ved Røst til forskingstokt ved korallreva på Mørebankane, frå oppdrettspionerane på Lovund til dei siste kvalfangarane i Nordsjøen.

Boka fortel historia om dei første seljegerane som padla opp langs kysten for over 11 000 år sidan, om havstraumane som gjev Noreg milde vintrar og eineståande fiskerikdom, og om klimaendringane og havforsuringa som no endrar livet i sjøen på fundamentalt vis.

Tissatrengd i Førde av Sigmund Falch

Mest sannsynleg den morosamaste boka i år!

Vi garanterer ein god latter når vi ønskjer dykk velkomne inn i den forunderleg verda der stive fotografi frå ei svunnen tid blir omdanna til latterlege tablå.

Sigmund Falch har eit unikt blikk for morosame og pussige detaljar i gamle motiv.

Med både vidd og brodd blir du som lesar teken med på ei underleg reise inn i bileta, og vi garanterer at du kjem ut igjen på den andre sida hikstande av latter.

Det kjem ei ny bok i den populære Falch-serien kvart år, så her er det berre å gle seg til 2022-utgåva, som du kan kjøpe frå oktober.