Min skrivestad

- Rotet mitt betyr noko for meg

Kjartan Fløgstad ser på seg sjølv som ein sosial person. Men det er likevel ein ting han vil ha for seg sjølv.

Kven: Kjartan Fløgstad (72). 

Kor: Heime i ein einebustad på Bjølsen i Oslo

Foto: Eigil Korsager

Foto: Eigil Korsager

I ein einebustad øvst på Bjølsen i Oslo viser Kjartan Fløgstad veg inn til eit bibliotek. I taket heng det ei lysekrone, bordet er kledd med ein brodert duk og bøker dekker veggane frå golv til tak. Dette er det forfattaren Kjartan Fløgstad kallar sitt hovudkvarter.

- Eg har eit kontor med bøker og papir, men eg skriv mest andre stader. Det eg gjer her er å sjekka referansar og finna kjelder, seier han.

Kontoret han har i etasjen over matstova reknar han som privat. Der er det berre han og familien hans som kjem inn. Til nauds kanskje eit par vener.

- Det er rotet mitt. Det betyr noko for meg. Eg er ein sosial person, trur eg, men eg er ikkje det på skriverommet mitt. Eg har ikkje lyst til å visa det fram. Slik har det alltid vore, sier han.

Trass i at han reknar seg sjølv som ein sosial person, krev forfattararbeidet mykje tid aleine. Fløgstad si siste bok, «Trans-Sovjet ekspress», er skriven på reise. Helst på preglause hotellrom utan kjenneteikn.

Manusforfattaren Raymond Chandler sa at det ikkje var mykje han trengte for å kunna skriva, men han ville ha ei seng. «I am a horisontal writer», sa han. Det er eg også. Eg treng ei stor seng til å legga papir og notatar på, seier forfattaren.

Ei lukka dør, ei seng, og ein dusj. Det, i tillegg til laptopen, er alt Fløgstad treng for å kunna skriva. Då han starta skribentverksemda skreiv han for hand, eller på skrivemaskin, og måtte leita opp referansar og kjelder i bøker og på bibliotek. No har han i grunnen alt han treng av informasjon tilgjengeleg på sin gode følgesvein, laptopen.

- Når eg er heime, jobbar eg berre mellom ni og tre. Eg kjenner meg sjølv godt og veit at eg ikkje klarar meir enn det. Men når eg er på hotell så får plutseleg døgnet meir enn 24 timar. Då kan eg bryta døgnrytmar og eg blir veldig konsentrert. Alle praktiske gjeremål blir tekne hand om av nokon andre, og eg kan konsentrera meg fullt og heilt om skrivinga, sier han.