Gripende bok om angst og ungdomsskolen

Kritikerroste Ingunn Røyset er tilbake med en ny høyaktuell barneroman. Perfekt handler om angst og ensomhet, ungdomsskolen og hvor skjønt livet kan være. Røyset har alltid vært opptatt av mental helse hos barn og ungdom, og påpeker hvor viktig det er å kjenne seg igjen i litteraturen, på godt og vondt. Derfor ville hun skrive en historie som Perfekt, full av lys og mørke, og som er sår og morsom på samme tid. Få en smakebit av boken her.


18. september

Eg har ikkje sagt det til nokon. Det er så vanskeleg å forklare.

Eg har prøvd å seie det til pappa. Han spør berre kva eg er redd for. Eg er ikkje redd for noko. Eg er redd for alt.

Det var i går kveld det skjedde. Heilt utan varsel. Eg såg på ein serie på Netflix. Etterpå gjekk det ikkje an å sove. Eg låg og tenkte på alt det fæle som finst i verda.

Plutseleg skylde det over meg. Eg veit ikkje kva anna ord eg skal bruke. Frykta fossa gjennom kroppen. Eg kjende det i nakken og nedover ryggen, heilt ut i fingertuppane. Det var som å bli tatt av ei bølge. Det var som å bli kasta utfor stupet. Det var som å falle og falle og ikkje nå botnen.

Eg reiste meg frå senga. Det hjelpte ikkje. Eg opna vindauget. Det hjelpte heller ikkje.

Kva eg var redd for? Eg veit ikkje korleis eg skal få sagt det. Eg berre kjende kor farleg det er å vere til, kor nifst det er å leve. At ting kan skje som ingen kan redde meg frå.

Ikkje mamma, ikkje pappa, ikkje nokon.

Eg visste ikkje kvar eg skulle gjere av meg. Eg kunne ikkje gå frå meg sjølv. Eg kunne ikkje springe frå trykket i brystet.

Døra ut til gangen stod open. Eg gjekk ut dit. Så stoppa eg. Pappa hadde lagt seg. Eg stod utanfor døra hans ei stund. Du veit kor viktig det er at han får sove om natta. Eg stod og lytta.

Først var det heilt stille, men så høyrde eg at det knirka i senga der inne. Då kika eg i dørsprekken.

Pappa, eg er så redd, sa eg.

Det bustete hovudet til pappa letta litt på seg. Han pusta tungt og sette seg opp. Kva er du redd for? sa han.

Så følgde han meg inn på rommet mitt og breidde over meg dyna. Det hjelpte litt då han strauk meg over håret. Han spurde om eg fraus. Eg skalv i heile kroppen.

Han strauk meg ein gong til over håret og sa at det ikkje er noko å vere redd for. Akkurat som om det er sant! Han av alle burde vite at det ikkje stemmer.

Så gjekk han tilbake til soverommet sitt. Eg låg igjen aleine. Eg visste det då. Du veit det, du også, ikkje sant. Eigentleg er vi heilt aleine.

Å nei! Eg kan ikkje snakke om det. Eller tenke på det. Då kjem det igjen. Bølga som skyl over meg.

1

– HAHAHAHAHA!

Eg klarer ikkje å slutte å le. Eg sit på rumpa på det skitne golvet i skulekorridoren og ler så eg nesten tissar på meg. Latteren til Nathalie trillar høgt ved sida av meg.

– Hihihihiiiiiiii.

Nei, eg må stoppe. Åhhh! Eg har heilt vondt i magen. Eg kikar bort på Nathalie. Det har blitt stille der borte hos henne også no.

Ho sit rett overfor meg med ryggen mot veggen. Munnen hennar er snurpa tett saman, men auga er stappfulle av flir. Når dei møter mine, ramlar latteren ut av henne igjen. Høg og hoppande, heilt opp i skuletaket. Eg slepper latteren laus frå magen og skrattar saman med henne.

– Neiiii, hahaha … åååååå, no orkar eg ikkje meir, stønner eg.

Vi er sende på gangen begge to. For fliring i timen. Håvard gav oss to åtvaringar, så måtte vi ut. Eg trur Nathalie også syntest at det var litt flautt.

Det kjem nokre lydar til frå Nathalie, så ler ikkje ho heller lenger. Det er stille i gangen utanfor klasserommet.

Ryggen min krummar seg mot korridorveggen. Vi ser på kvarandre. Eg lurer på om Nathalie tenker det same som meg. Ein blir ikkje kul sjølv om ein blir send

på gangen.

Eg har prøvd heilt sidan eg starta på ungdomsskulen. Å vere ein av dei kule og populære, men eg har ikkje fått det til. Det verkar som om nokon berre er det. Og det er ikkje eg. Ikkje Nathalie heller.

Ho bur der inne i den store hettegenseren sin. Hendene hennar gøymer seg i den digre lomma.

– Skal du på juleballet? spør ho.

– Ja, seier eg.

Akkurat då eg seier det, begynner eg å tvile. Kanskje ikkje Nathalie skal? Då har eg ingen å vere saman med der.

– Eg trur det, legg eg til.

– Eg skal i alle fall, seier Nathalie.

Heldigvis! Når Nathalie skal, blir det gøy. Kanskje? Eg har aldri vore på juleball før.

– Har du kjøpt kjole? spør Nathalie.

Eg ristar på hovudet.

– Vil du sjå min?

Nathalie plukkar telefonen fram frå den digre lomma.

– Kva, har du telefon!

Nathalie smiler lurt.

– Eg berre sa at eg ikkje hadde han med i dag, så slapp eg å levere han inn.

Nathalie skrollar nedover sidene på telefonen. Så held ho opp biletet av ein fotomodell med kvit ballkjole.

Eg ser på Nathalie. På dei raude kinna hennar under dei runde brillene. Og på den store hettegenseren.

– Er det kjolen din?

Eg peikar på fotomodellen.

– Ja, eg har ikkje bestilt han enno, men det er den eg skal ha.

– Fin! seier eg.

Eg meiner det også. Eg er berre ikkje sikker på korleis Nathalie vil sjå ut i han. Eller eg. Eg hadde sett ut som ein marshmallow. Og så hadde eg kome til å fryse.

Skjørtet er vidt, men kort, og det er ingen skuldrer på kjolen.

– Skal du legge sminke hos frisøren eller sminke deg sjølv? spør Nathalie.

– Hæ!

Dette er endå ein av dei tinga eg må få fiksa for å vere blant dei populære. Eg må finne ut korleis ein sminkar seg skikkeleg proft. Eg kan ikkje spørje pappa.

– Eg har ikkje bestemt meg enno, seier eg.

Juleballet er den siste torsdagen før jul. Tre dagar før bursdagen min. Det er lenge til.

– Stiletthælar er ikkje lov, seier Nathalie.

Ho har fylt tretten for lenge sidan. Ho veit mykje meir enn meg.Men eg veit i alle fall at den kjolen ikkje kjem til å passe på Nathalie.

Eg let att auga og prøver å sjå det for meg. I hovudet mitt er det eg som kjem ridande på den kvite hesten mot slottet. Ballkjolen brusar i vinden, og eg har ein kaskelade av hår nedover ryggen.

Døra til klasserommet blir slengd opp. Der står Håvard.

– Er de klare til å kome inn no? seier han.

Både Nathalie og eg nikkar.

– Det er ein sånn kjole du må ha, kviskrar Nathalie.

Ho reiser seg frå golvet.

– Skal du ha sjanse til å bli dronning på juleballet.

Eg ser spørjande på henne.

– Dronning! Kva meiner du?

– Den finaste jenta på juleballet blir kåra til dronning, seier Nathalie.

Ho stoppar opp før vi går inn gjennom døra til klasserommet.

– Eller du kan bli vald til freshman eller junior eller årets turteldue. Det er det mest forelska paret. Men dronning er det beste.

Ho går framfor meg bort til pultane våre på bakarste rekke. Dette har eg ikkje høyrt noko om.

– Korleis veit du det?

Eg set meg ved sida av henne. Nathalie drar i genseren sin, framme på magen. Det gjer ho heile tida, for at ikkje magen skal visast.

– Eg gjekk bak nokre tiandeklassingar opp bakken til skulen, kviskrar ho. – Dei har begynt å nominere folk alt.

Så seier ho ikkje noko meir. Håvard står framme ved tavla og ser på oss. Han peikar på pc-ane våre og kremtar.

– No jobbar vi litt igjen, jenter!

Eg tastar inn koden på pc-en med den eine handa. Med den andre kjenner eg på nakken min. Han er heilt utan hår. Sommarsveis kalla pappa det.

Så kikar eg bort på Nathalie. Ho har omtrent like liten sjanse til å bli juleballdronning som meg.

Ingunn Røyset (f. 1965) er frå Hareid og bur no med utsikt til havet på Flø i Møre og Romsdal. Ho har bachelor i sosialt arbeid og bakgrunn som journalist, stylist/makeupartist og landbruksavløysar. Røyset debuterte som forfattar i 2012 og har gitt ut seks barne- og ungdomsbøker.