Ei forunderleg samling dikt for barn

Idun Alma Ramsdal debuterer med boka Tenk å vere eit menneske, ei forunderleg samling dikt om nettopp det å vera menneske, sett frå eit lite barns perspektiv. Boka er nydeleg illustrert av Nora Brech. Få utdrag frå boka her.

Kvar kjem søvnen ifrå? Kvar blir fargane av når det blir mørkt? Tykkjer treet at det kilar når vinden blæs i blada? 

Det er mykje å undre seg over i verda!

Gjennom 45 dikt skildrar Idun Alma Ramsdal eit barn sine opplevingar og refleksjonar frå ho vaknar om morgonen til ho sovnar om kvelden.

Diktsamlinga er vakkert og fargerikt illustrert av Nora Brech. 

Boka eignar seg godt for høgtlesing og vil fort få praten mellom liten og stor i gang.

Idun Alma Ramsdal (f. 1983) undrar seg ofte over det å vere eit menneske. Når ho ikkje les alt ho kjem over om relasjonar og følelsar, skriv ho. Ho kjem frå Volda, og bur der framleis saman med ein son, ein mann, og kanskje ei løve. Tenk å vere eit menneske er hennar første bok. 

Nora Brech (f.1988) fra Oslo er forfatter og illustratør. Ho har tegna siden hun var bitteliten og er så heldig at ho får leve av det no – tenk at det går an! Brech bor på Lindern med den vesle familien sin, og av og til bor det ein liten Dachs som heter (dronning) Sonja der også.