God mat frå botnen av

Bestill Heimelaga her.

Bestill Heimelaga her.

Dei siste 5–6 åra har vore ei utruleg reise. Eg har fått vere med på fire sesongar med TV-program og har gjeve ut to kokebøker saman med Rune Andersen og Trond Moi. Eg har ein matblogg som stadig veks, og som folk synest å sette pris på, og no har eg altså fått gjeve ut mi heilt eiga kokebok.

Eg har ønskt å lage ei bok som ikkje berre fokuserer på oppskriftene og sjølve matlagingsgreia, men i like stor grad på det som skjer før og ikkje minst etter at maten vert laga. For meg handlar mat vel så mykje om å dyrke, hauste, sanke og jakte, og om gleda ved å nyte eit godt måltid i lag med hyggelege menneske.

 Boka inneheld mine beste oppskrifter på den maten eg sjølv lagar i det daglege. Då snakkar me ikkje om krevjande oppskrifter på raffinert gourmetmat, men enkle oppskrifter på god, solid og jordnær mat som alle kan lage. Du vil finne alt frå tradisjonsmat frå Setesdal til mat som har henta inspirasjon frå sørlegare breiddegrader.

_DSF4977_Ark_lowres.jpg

I dette blogginnlegget har eg lyst til å dele nokre tankar om noko av det meist grunnleggande i det norske kosthaldet. Nemleg brødet. Det har ei historie som strekkjer seg heilt tilbake til oldtidas Egypt, og ingrediensane har meir elle mindre vore dei same sidan då: mjøl, vatn, salt og gjær. Korleis kan noko så enkelt smake så godt?

_DSF508_Ark_lowres.jpg

No er det vel kanskje ikkje alle brød som smakar like godt. Fabrikkbrødet ein får kjøpt i butikken, styrer eg i all hovudsak unna. Eg bakar i staden sjølv, og gjerne fleire gonger i veka. Når ein bakar sjølv, bestemmer ein innhald og grovheit, ein slepp unødvendige e-stoff, og ein får eit brød som smakar kjempegodt.

Heimebaka brød er sjølvsagt òg sunnare og billegare, og har du gode rutinar, så er det òg kjapt å lage. Dessutan fyllest heimen med lukta av nysteikte brød. Eg kan ikkje tenkje meg noko som luktar betre.

Når eg bakar brød, set eg enten deigen på ettermiddagen og steiker brødet før eg legg meg, eller så set eg deigen på kvelden og lèt han heve i kjøleskapet til morgonen etter. Nysteikte brød til frukost er både godt og triveleg.

Eg lagar både eltefritt og godt elta brød og varierer med ulike kornslag og grovheit på mjølet. Nokre brød bakar eg med surdeig og andre med fersk gjær eller tørrgjær.

_DSF5224_Ark_lowres.jpg

Nokre brød steiker eg på høg varme i kort tid for ei sprø skorpe. Andre brød steiker eg på svakare varme over lengre tid for ei mjukare skorpe. Med få ingrediensar kan ein lage ulike brød med stor variasjon i smak og konsistens.

Før, då borna var små, så baka eg ein gong veka og fraus ned brød så me hadde til neste gong eg skulle bake. I dag bakar eg heller oftare. Ikkje fordi det er noko gale med brød som har vore fryste, men fordi eg likar å bake, og så er det jo ekstra godt med rykande ferske brød.

I den nye boka mi har eg samla mine beste oppskrifter på brød eg ofte bakar heime. Alle brøda er godt utprøvde av familien min, og både born og vaksne likar dei. Her skal dykk få oppskriftene på to av mine favorittbrød. Eg håpar at det smakar og at dykk tek ein kikk på boka mi for fleire gode oppskrifter.

Margits stomp

Margits stomp_Ark_lowres.jpg

Du treng:

1 kg fint kveitemjøl

9 dl lunka vatn

25 g salt

½ pakke tørrgjær

Slik gjer du:

Bland saman ingrediensane og rør godt. Deigen skal vere ganske laus og kan ikkje eltast.

Dette brødet kan vere noko krevjande å bake. Deigen er laus, så du må bruke nok mjøl når du formar brøda, og dei må kjapt inn i omnen for eit godt resultat.

Sett deigen til heving under eit klede. Han skal heve til dobbel storleik.

I romtemperatur tek det ca. 4 timar og med kaldheving ca. 20 timar.

Når deigen er heva, set du steikeomnen på 250 grader. Smør ei bakeplate, og form deigen hurtig til to runde brød. Deigen er ganske klissete og laus, så bruk ein del mjøl på bordet når du formar brøda. Sett dei inn i omnen med det same.

Steik brøda midt i omnen på 250 grader i 20 minutt. Sett ned varmen til 200 grader og steik i nye 30 minutt. Stompen skal steikast godt til han får ei tjukk, sprø skorpe.

Ta brøda ut av omnen og avkjøl på ei rist.

Halvgrov stomp

Halvgrov stomp_Ark_lowres.jpg

Du treng:

900 g fint kveitemjøl

350 g sammale kveitemjølgrovmale

5 dl mjølk

3 dl vatn

40 g smelta smør

20 g salt

1 pakke fersk gjær eller

1 pose tørrgjær

Slik gjer du:

Smelt smøret i ei gryte. Ha i mjølka og vatnet. Kok opp til ca. 37 grader.

Smuldr i gjær og rør rundt til han er oppløyst.

Kvardagsbrødet som heile familien kjem til å elske!

Bland alt det tørre og ha det i mjølkeblandinga. Kna deigen i ca. 10 minutt.

La han heve under eit klede i ca. 1 time, eller til dobbel storleik.

Del deigen i to, og form to fine brød. Ha deigemna i godt smurde brødformer (28 cm). Etterhev brøda under eit klede i 40 minutt.

Steik midt i omnen på 200 grader i 45 minutt.



_DSF5841_Ark_lowres.jpg

Bestill Heimelaga her.