Juletrefest i fortidens utkant-Norge

Med Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har han fortalt seg inn i hjertene våre. Nå er Oddgeir Bruaset aktuell med Du grøne, glitrande - ei hyllest til juletreet, hvor han deler gripende historier om juletradisjoner og minner fra hele Norge. I dette utdraget får vi bli med på juletrefest i fortidens utkant-Norge, et av bokens 18 kapitler som fyller deg med nostalgi og julestemning.

Utdrag fra kapittelet Juletrefest i utkant-Noreg hentet fra boken Du grøne, glitrande - ei hyllest til juletreet av Oddgeir Bruaset

På strendene og i fjellsida langs Vindafjorden på Nedstrand-halvøya i Rogaland var busetnaden både liten og temmeleg spreidd. Skulen låg på Ringja, og skulevegen for ungane frå Hapnes, lengst nord på halvøya, var ein halv mils gangsti i vanskeleg lende. Om vinteren låg dei vekke, og dei brukte stien berre når dei skulle heim etter at skuleveka var over, eller når dei skulle ta til på ein ny skulebolk. På skulen vart det skipa til juletrefest, men den vanskelege vegen gjorde at Hapnes-ungane berre sjeldan kunne vere med på gangen rundt treet. Ofte var føret for tungt til at dei kunne gå, og bles det, slokna lykta.
Framfor juletrefesten eit år ville dei tre skuleungane frå Hapnes, Elise, Gyri og Harald, likevel prøve å ta seg fram. Gyri var størst og sterkast og vabba føre. Men snøen gjekk henne til knes, og det tærte på kreftene. Etter ein times slit hadde dei lagt berre tredelen av vegen bak seg. Då innsåg ho som gjekk føre, at det var nyttelaust å halde fram.

Etter ein times slit hadde dei lagt berre tredelen av vegen bak seg. Då innsåg ho som gjekk føre, at det var nyttelaust å halde fram.

«Nei, dette går ikkje», slo ho fast og snudde tvert om. Minstemannen, som traska sist, syntest det var fortærande, men han skjønte at Gyri hadde rett. Om dei hadde nådd fram før juletregangen var over, ville dei neppe ha vore heime att før midnattsleite. Og så mykje var ikkje ein juletrefest verd, jamvel om det vart servert julebrød med sukat, og det var det beste Harald visste.

 Mange som budde veglaust til i Utkant-Noreg, måtte ofte tole harde strabasar om dei skulle nå fram til lokala der juletrefestane vart haldne. Ein gong prøvde dei tre skuleungane frå Hapnes på Nedstrandhalvøya i Rogaland å gå den halve mila langs stranda søretter til skulen på Ringja. Men snøen låg djup, og ho som var størst og vassa føre, sleit tungt. Før ho var midtvegs, gjorde ho heilomvending. Ho innsåg at dei ville ikkje nå skulen før festen var over. Biletet er frå nesten motsett kant av landet, like ved Grense Jakobselv lengst aust i Finnmark. Foto: Pål  Hermansen.

Mange som budde veglaust til i Utkant-Noreg, måtte ofte tole harde strabasar om dei skulle nå fram til lokala der juletrefestane vart haldne. Ein gong prøvde dei tre skuleungane frå Hapnes på Nedstrandhalvøya i Rogaland å gå den halve mila langs stranda søretter til skulen på Ringja. Men snøen låg djup, og ho som var størst og vassa føre, sleit tungt. Før ho var midtvegs, gjorde ho heilomvending. Ho innsåg at dei ville ikkje nå skulen før festen var over. Biletet er frå nesten motsett kant av landet, like ved Grense Jakobselv lengst aust i Finnmark. Foto: Pål  Hermansen.


Sjølv om juletrefestane oftast vart haldne i skulestovene og læraren leidde tilstellingane, trong dei ikkje berre vere for dei familiane som hadde born på skulen. Var det plass, kunne alle vere med, og folk møtte mannjamt opp. Slik har skikken vore på Møsstrond òg, gardane og grendene rundt Møsvatnet i Telemark. Bygdesenteret låg på Hovden. Før kraftutbygginga tok til, var Hovden ein del av fastlandet, men under  reguleringane av Møsvatnet, som har gått over fleire etappar gjennom det meste av 1900-talet, vart Hovden omskapt til ei lita øy ute i vatnet.
På denne holmen låg både kyrkja, telefonstasjonen, skulen og eit internat for dei borna som budde lengst unna. Frå dei inste gardane på Møsstrond til skulen på Hovden var vegen nærare tre mil lang, og han gjekk over vatnet. Om hausten og tidleg på sommaren vart elevane transporterte med båt, og om vinteren, etter at isen hadde lagt seg, gjekk dei på ski. Men i tida med usikker is var mange isolerte.

Om hausten og tidleg på sommaren vart elevane transporterte med båt, og om vinteren, etter at isen hadde lagt seg, gjekk dei på ski. Men i tida med usikker is var mange isolerte.

I romjula og ved nyårsleite låg isen som regel trygg, og fram til 1970-åra, då skuterane tok til å gjere seg gjeldande, kom store og små rennande på ski til juletrefesten. Men vegen var lang, og folket frå dei inste gardane brukte det meste av dagen på turen. Når festen i kveldinga var over, var det derfor ikkje tale om å ta på heimveg att. Ungane fann internatsengene sine og slokna fort, men dei vaksne tok ei vakenatt i skulestova. Det var mangt å drøse om, og dei hadde ei triveleg natt i lag. Morgonen etter la dei så ut på den lange og ofte bitande kalde heimvegen.
Også etter at skuteren tok over transporten, heldt dei lenge oppe tradisjonen med ei felles vakenatt etter juletrefesten. Desse menneska treivst i lag, samhaldet var godt, og behovet for å vere saman var stort. I dag minnest møsstrendingane «julevakene» på skulen med både glede og vemod.
Sidan 2002 har det ikkje vore elevar som soknar til skulen, og den siste internatskulen i Sør-Noreg er no nedlagd.
På sørsida av Sognefjorden og vestanfor Arnafjorden ligg fleire veglause gardar, i god avstand frå kvarandre. Sylvarnes er ein av desse, og Vetlesand er ein annan. I eldre tider var det omgangsskulen som rådde langs desse strendene. Undervisninga vart i ein bolk halden på ein gard, den neste på ein annan. Men så vart det bygd skulehus på Vetlesand, og det kom dessutan til å tene som forsamlingshus. Naturleg nok vart juletrefestane også lagde dit.

 Fuglesteg er ein einsleg og veglaus gard, rundt 600 høgdemeter over Fortunsdalen i Luster i Sogn. Om gardkona, Johanna Fuglesteg, blir det sagt at ho var heimanfrå berre ein gong i året, og det var når det vart skipa til juletrefest nede i Fortun. Saman med mann og seks born drog ho av garde, for juletrefesten var det beste høvet ho hadde til å få treffe bygdefolket. Foto: Stein Bugge Næss.

Fuglesteg er ein einsleg og veglaus gard, rundt 600 høgdemeter over Fortunsdalen i Luster
i Sogn. Om gardkona, Johanna Fuglesteg, blir det sagt at ho var heimanfrå berre ein gong i året, og det var når det vart skipa til juletrefest nede i Fortun. Saman med mann og seks born drog ho av garde, for juletrefesten var det beste høvet ho hadde til å få treffe bygdefolket. Foto: Stein Bugge Næss.

Eitt år skulle Frelsesarmeen komme og kaste glans over festen. Familien på Sylvarnes var blant dei mange som gjekk stiane utetter til juletrefesten på Vetlesand. Guten på Sylvarnes, Magne, hadde enno ikkje begynt på skulen, og i så måte var han meir mottakeleg for inntrykk utanfrå enn dei fleste. Han såg og høyrde dei uniformerte syngje og spele, og som son av ein dugande trekkspelar gjekk tonane rett til hjartet på guten. Då han dessutan såg det store treet og fekk vere med å syngje og gå rundt det, vart inntrykka mest i sterkaste laget. I alle fall var det ein oppglødd og inspirert ung kar som trødde stiane attende til Sylvarnes.
Dagen etter ville han skipe til juletrefest i fjøset. Det var der han hadde sitt publikum. Der stod han og song ved sida av treet, som han hadde overtala foreldra til å bere inn. Det var ikkje fritt for at han også prøvde å engasjere sauene, eller silkedokkene, som han kalla dei, til høgtideleg gang rundt treet, utan at forsøket var av dei mest vellukka. Men for foreldra, som var vitne, var opptrinnet rørande, og mora fortel framleis levande om det som den gongen skjedde, for meir enn 50 år sidan.
Juletrefestane var noko av det utkantfolket såg mest fram til, og få sider ved jula skein sterkare i minnet enn dei.

Juletrefestane var noko av det utkantfolket såg mest fram til, og få sider ved jula skein sterkare i minnet enn dei.

Møtet med sambygdingane var stort sett avgrensa til samværet på kyrkjebakken etter gudstenestene, men juletrefestane gav betre tid og høve til å hyggje seg i lag. Dessutan baud desse festane på ei glede og ei stemning som folk elles ikkje opplevde.
Johanna Fuglesteg budde i ei majestetisk steinstove på ein fjellhyllegard som ligg 630 meter over Fortunsdalen, ei mils veg innanfor inste enden av Sognefjorden. Denne kvinna var den mest trufaste gjesten på juletrefestane i Fortun.

 ▶ Gangstien mellom Fortun og Fuglesteg var både bratt og vanskeleg. Verst var det i Galdande, der det alltid låg is vintersdag. Faren måtte knyte tau rundt livet på dei minste borna og leie dei over. Likevel kan ingen av dei attlevande døtrene hugse at vêr og føre nokon gong hindra dei i å dra til Fortun på juletrefest. Foto: Stein Bugge Næss.

▶ Gangstien mellom Fortun og Fuglesteg var både bratt og vanskeleg. Verst var det i Galdande, der det alltid låg is vintersdag.
Faren måtte knyte tau rundt livet på dei minste borna og leie dei over. Likevel kan ingen av dei attlevande døtrene hugse at vêr
og føre nokon gong hindra dei i å dra til Fortun på juletrefest. Foto: Stein Bugge Næss.


Husmora frå fjellhylla var sjeldan eller aldri heimanfrå elles i året, men juletrefesten nede i bygda lét ho aldri gå frå seg. Før dei seks gutane og dei to jentene hennar begynte på skulen, hadde dei knapt sett anna folk enn dei som høyrde garden til, men no når dei fleste var store nok til å klive gangstiane opp og ned, sjølv vintersdag, tok Johanna og Knut dei med på juletrefesten. Anten det var storm eller is eller djupsnø, kara dei seg nedetter råsa, utstyrte med broddar på skorne og fjøslykt i handa. Men dei hadde ein vanskeleg og farefull veg å gå. Verst var det i dei stupande bratte Galdane. Der rann det alltid vatn, og om vinteren vart vatnet til is. Ein stad måtte dei bykse over stien for å komme vidare. Miste dei festet og fór i veg, låg eit 10–15 meter høgt stup rett nedanfor. Den eine jenta i barneflokken, Kristina, fortel at ho vart boren på rygg forbi Galdane dei første åra, medan yngstejenta, Sigrid, hugsar ho gjekk i taumar som faren heldt i, som om ho skulle ha vore ein hest.
I tillegg til den bratte og islagde stien kunne det somme stader vere fare for både isras og snøskred. Ein gong yngsteguten Bjarne kom gåande, høyrde han det braka oppi, og han kasta seg inn mot ein fjellknaus. Han rakk akkurat fram før isjøklane styrta over hovudet hans. Lenge stod han skjelven og lurte på om han skulle våge seg vidare.
Og var det ikkje is og snø som valda vanskane, var det vinden. Mang ein gong bles det så hardt oppe på Fuglesteg at foreldra nekta ungane å gå ut. Dei var redde for at dei kunne blåse utfor
kanten av fjellet.

Mang ein gong bles det så hardt oppe på Fuglesteg at foreldra nekta ungane å gå ut. Dei var redde for at dei kunne blåse utfor kanten av fjellet.

Men dei som lever att av Fuglesteg-borna, kan ikkje hugse at vêret nokon gong hindra dei i å ta seg ned til juletrefesten.
Tilstellinga starta først seint på ettermiddagen eller tidleg på kvelden, for kveldsstellet i fjøset måtte gjerast unna før folk kunne fare heimanfrå. Omsider var dei nede på skulen, der treet stod pynta, og der festkledde sambygdingar møtte mannjamt opp. Skuleborna deltok med opplesing, song og anna underhaldning, og dei vart lønte med kvar sin pose med noko godt i, ein appelsin eller ein julemann eller endåtil begge delar. Det vanka kaffi og julebakst og mykje prat med bygdefolket. Etterpå gjekk store og små rundt treet, og dei gamle og kjære songane tona gjennom skulehuset. Seint på kveld tok Fuglesteg-folket broddane på og budde seg på ein halvannan times tung tur opp til steinstova. Ein gong iblant lyste ein stjernestrødd himmel over stien deira. Kan hende bar dei på ei større juleglede enn dei fleste, der dei fór. Samstundes var gleda truleg også blanda med vemod, i alle fall for mor Johanna. Der ho gjekk, visste ho at det var eit heilt år til ho skulle sjå att folket i bygda.

 

Stemningsfull jul med Oddgeir Bruaset!

I Du grøne glitrande forteller Oddgeir Bruaset gripende historier om juletradisjoner og minner fra hele Norge - i typisk Bruaset-ånd. Kom i julestemning med mannen bak Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - og bli med på en stemningsfull vandring gjennom juletreskogen, til juletrefester som samlet hele bygder, og til folk som forteller om juletreet de aldri glemmer.

 

Bruaset og forlaget har gjeve oss ei flott bok om jul. Les henne. Tenk etter kva både treet, pynten, ljosa og den krossmerka foten skal minna oss om!»
— Paul Odland, Dagen